Annonse

Hareide har lyst til å bli landslagssjef for Noreg igjen

Åge Hareide har åtte månader igjen av tida som landslagssjef i Danmark. Til NRK seier han at han er interessert i Noreg-jobben dersom Lars Lagerbäck gir seg.

Lagerbäck håpar å føre Noreg til det første sluttspelet i landet på 20 år og vil i så fall leie laget i sluttspelet neste sommar, men han er i tenkjeboksen med tanke på å forlenge og gå på ein ny periode med nasjonsliga og VM-kvalifisering.

- No trur eg at Lagerbäck forlengjer, og det håpar eg òg. Han har vore veldig god for Noreg og kan sikkert vere god i to år til, seier Hareide til NRK.

- Men viss han ikkje gjer det, ville Noreg-jobben trigga deg?

- Ja, det ville den absolutt.

Vart overraska

Hareide har hatt stor suksess som landslagssjef i Danmark. Han førte laget til åttedelsfinale i VM i fjor og styrte måndag laget til EM-sluttspelet der laget får spele heime i Parken i gruppespelet. Danmark har ikkje tapt på 34 kampar under leiinga til Hareide, men likevel fekk han i sommar beskjed om at han ikkje får halde fram etter EM-sluttspelet. Det var ein beskjed han likte dårleg.

- Det var overraskande for meg, og eg synest det kunne vore handtert på ein annan måte med tanke på timing. Det var inga grunngiving, berre at kontrakten sprang ut. Det er ikkje så mykje eg kan gjere med det, seier han til NRK.

Ifølgje Ekstra Bladet har Hareide høgaste poengsnitt (1,95), lågaste snitt for baklengsmål (0,60) og høgaste snitt for scoringar (1,95) av alle landslagssjefane til Danmark. Likevel meiner han det er umogleg for ein norsk trenar å overvinne skeptikarane i Danmark.

Ein annan kultur

- Det gjer du aldri som nordmann. Dei har ein annan kultur på desse tinga, og dei har sitt syn på det. Dei vil helst ha ein danske i spissen for det danske landslaget, og då er det vanskeleg å vere nordmann, seier Hareide til Aftenposten.

Hareide var landslagssjef for Noreg i perioden 2004 til 2008, men han greidde ikkje å føre laget til noko sluttspel. Det vart tap mot Tsjekkia i omspelet i VM-kvalifiseringa hausten 2005, medan Noreg to år seinare misbrukte ein matchball heime mot Tyrkia og vart tilskodarar til EM-sluttspelet i 2008.

- Det hadde vore veldig stas å få moglegheit til å bevise noko igjen. Sånne ting ligg alltid og gneg i ettertid, seier Hareide til NRK.

Hareide er no omsider klar for det første EM-sluttspelet sitt. Etter det overtar Kasper Hjulmand som landslagssjef for Danmark.

Lagerbäck har lova å gi Norges Fotballforbund svar før jul.

(©NPK)

Åge Hareide seier til NRK at han vil vere interessert i ein ny sjanse som landslagssjef for Noreg i fotball dersom Lars Lagerbäck skulle seie nei til ein ny periode. Foto: Henning Bagger / Ritzau Scanpix / NTB scanpix