Annonse

Hareide i Sarons dal – må svare for Pride-deltaking

(NPK-NTB): KrF-leiar Knut Arild Hareide synest hans deltaking i Pride-paraden skapte meir oppstyr enn han hadde tenkt, men angrar ikkje.

Tysdag kveld skal han intervjuast på scena på eit kveldsmøte under det kristne sommarstemnet i Sarons dal, og må der svare på kvifor han deltok i homoparaden. Arrangør for stemnet er Troens Bevis.

– Eg angrar ikkje på at eg gjekk i Pride-toget, men mange har ikkje fått med seg grunngjevinga, seier Hareide til avisa Dagen.

Han viser til at han og kona Lisa Marie var i Orlando kort før massakren på homofile på ein utestad 12. juni, og fekk behov for å vise sin solidaritet med homofile som vert trakkaserte.

Deltakinga i homomarsjen skapte uro i konservative delar av partiet. Hareide seier at han kunne «kommunisert betre» om valet han gjorde.

– Det er òg tydeleg at KrF er usamd med homorørsla i mange saker. Nettopp difor var det viktig å støtte dei i kampen om det viktigaste, menneskeverdet. Alle er like mykje verdt. Det var mi grunngjeving, seier Hareide. (©NPK)

Annonse