Annonse

Harry og Meghan: Du vil bli djupt sakna

Prins Harry og hertuginne Meghan har kommentert prins Philips bortgang med ei fråsegn på nettsida si der dei skriv at dei vil sakne han.

Annonse

– Til kjærleg minne om den høgvyrde hertugen av Edinburgh, 1921–2021. Takk for alt du har gjort. Du vil bli djupt sakna, står det på nettsida til stiftinga til hertugparet Archwell.

Det vekte oppsikt då Harry og Meghan kunngjorde at dei ville trekke seg frå dei kongelege pliktene sine for godt. Og konflikten med kongehuset forverra seg etter intervjuet dei gjorde med Oprah Winfrey i mars der dei mellom anna kom med skuldingar om rasisme i kongehuset.

Detaljane rundt prins Philips bisetting er førebels ikkje kjend, men både britiske og amerikanske medium skriv at i alle fall prins Harry truleg vil reise til Storbritannia for å vere med når bestefaren skal stedast til kvile.

(©NPK)

Hertuginne Meghan og prins Harry. Foto: AP / NTB