Hauger uheldig i Formel 2-kvaliken i Saudi-Arabia – hamna utanfor topp ti

Dennis Hauger såg ut til å kunne køyre seg inn blant dei ti beste, men fekk Formel 2-kvalifiseringa i Saudi-Arabia øydelagt då raudflagget kom mot slutten.

På sin eigen 20-årsdag var Aurskog-guten i ferd med å ta seg oppover resultatlistene før Arthur Leclerc fekk full stopp på bana. Dermed vart løpet stansa, og Hauger fekk ikkje sett ei raskare rundetid.

Han var ikkje langt unna å få den i boks. Trøbbelet til konkurrenten gjorde at Hauger vart verande på 15.-plassen, og det gir eit svært ugunstig utgangspunkt for resten av F2-helga i Jeddah.

Hauger må starte som nummer 15 i både sprinten laurdag og hovudløpet søndag.

Det er viktig å ende i topp ti i ein Formel 2-kvalifisering. Reglane tilseier at startrekkjefølgja til sprintløpet blir snudd på hovudet for dei ti beste i kvaliken. Det betyr at amerikanaren Jack Crawford på 10.-plass køyrer ut først laurdag. Dagen etter startar bilane hovudløpet etter plasseringane dei fekk fredag.

Victor Martins frå Frankrike vann kvalifiseringa og får beste startspor søndag.

Før sesongen i år bytte Hauger lag og køyrer no for MP Motorsport. I fjor debuterte han i Formel 2 som Prema-førar og tok to sigrar på vegen. Tidlegare i månaden sesongopna han med 2.-plass i sprinten i Bahrain, medan motortrøbbel gav stopp i hovudløpet.

(©NPK)

Dennis Hauger måtte nøye seg med ein 15.-plass i Formel 2-kvalifiseringa fredag. Foto: Beate Oma Dahle / NTB