Annonse

Hausten slepper ikkje taket

Gråvêr og regn pregar heile Noreg. Det kan òg bli vanskelege køyreforhold med tåke og glatte vegar fleire stader.

- Det er litt slappe lågtrykk som gir ulike vêrtypar i dagane som kjem. Men det blir venta gråvêr og byer over store delar av landet, seier vakthavande meteorolog Magni Svanevik ved Meteorologisk institutt.

Viss ein skal ta seg ein skitur på Austlandet, må ein opp i fjellet. Snøgrensa ser ut til å ligge på mellom 400 og 600 meter.

Lågtrykket som kjem frå Nordsjøen, vil gi ein del regn og vind frå sør i låglandet og i byane.

Glatte vegar

Særleg i Østfold og andre delar av Austlandet blir det venta ein del tåke og glatte vegar. Meteorologen åtvarar mot vanskelege køyreforhold.

- Sørlandet får mykje av dei same byene som treffer Austlandet. Mot slutten av helga ser det ut til at det blir ganske mykje regn, seier Svanevik.

Lågtrykket som først treffer Austlandet, vil smyge seg vestover og gi regn utover i helga.

- Til dømes i Bergen kan ein få det kaldt om nettene og varmare på dagtid. Det kan føre til glatte vegar spesielt om morgonen, seier Svanevik.

Helgevinnaren

Det beste helgevêret vil treffe Hordaland og strekke seg nordover til Trøndelag.

Allereie i torsdag kikkar sola fram, og det kan bli plussgrader på dagtid i helga. Men sjølv om sola dukkar opp i ny og ne, kan ein vente skyer av og til òg her.

Delar av Trøndelag har hatt minus 15 grader. Det vil no stige til minus fem.

Varmare i nord

Nord-Noreg vil òg få smake på byevêret. Først på dagen torsdag vil det bli ganske fint vêr med litt vind på kysten. Men så kjem det sludd og regnbyer i Troms og Finnmark.

- Det går frå kulderekord med minus 29 grader i førre helg til å bli varmare igjen i Troms. Det kan bli rundt null grader ved kysten, seier meteorologen.

Fram til torsdag vil det vere ganske mykje frålandsvind som kan gi snøfokk og dårleg sikt på vegane i Finnmark. Men vinden vil roe seg mot starten av helga.

Store delar av Nord-Noreg kan vente regn i helga. Det kan gi vanskelege køyreforhold når vatnet legg seg oppå snøen som har komme tidlegare.

(©NPK)

Regnvêr og haust i Oslo. Foto: Aleksander Andersen / NTB scanpix.