Havila Kystruten blir bøtelagt for manglande skip

Havila Kystruten må betale bøter for manglande skip, varslar Samferdselsdepartementet. Skipet Havila Polaris kan tidlegast gå inn i ordinær rute i mars.

Samferdselsdepartementet har vedteke å ikkje utbetale vederlag for Havila Polaris for forseinkingane til og med januar, opplyser statssekretær Bent-Joacim Bentzen (Sp) til Finansavisen.

– Det blir fastsett ei konvensjonalbot tilsvarande avtalt vederlag for skipet for tidsperioden som bortfallet varer. Departementet kjem tilbake til handteringa av forseinkingar utover januar, seier han.

For to veker sidan vart dei planlagde avgangane med Havila Polaris 11. og 22. februar avlyste. Ifølgje reiarlaget kan skipet tidlegast gå inn i ordinær rute i sambandet Bergen-Kirkenes-Bergen frå 5. mars.

Havila Kystruten har til liks med Hurtigruten avtale med staten ved Samferdselsdepartementet om å betene kystruta. Havila har berre to av fire fartøy i drift.

Årsaka er utfordringane som følgje av sanksjonane mot det russiske leasingselskapet GTLK, som opphavleg stod for finansieringa av både Havila Polaris og dei tre søsterskipa. Gjelda til avdelinga til det russiske leasingselskapet i Irland må innbetalast til ein sperra konto i EU.

I kontrakten med staten er vederlaget for dei fire Havila-skipa fastsett til 242 millionar kroner per år, eksklusive meirverdiavgift og rekna i 2018-kroner.

Bortfall av vederlag for eitt skip i to månader utgjer dermed vel 10 millionar kroner, medan bota vil utgjere litt over 5 millionar kroner per månad, ifølgje Finansavisen.

(©NPK)

Avgangane med Havila Kystrutens skip Havila Polaris er forseinka, og Samferdselsdepartementet har bestemt at reiarlaget får ei bot for manglande skip. Foto: Halvard Alvik / NTB / NPK