Annonse

Hege Riise: – Vi skal like å slå nedanfrå

Hege Riise leidde si første trening som sjef for kvinnelandslaget berre tre dagar før Noreg speler om VM-billett mot eit belgisk lag som er høgt oppe etter EM.

Medan belgiarane jubla for kvartfinaleplass, luska dei norske heim frå meisterskapen etter gruppespelet. Måten Noreg vart utklassa av England, har gitt belgiarane eit håp om å vinne klart nok i Leuven til å stele gruppesigeren og sikre direkte VM-billett.

– Dei er litt der oppe, og vi slår nedanfrå. Det er ein posisjon vi skal like. Vi skal grabbe han med begge hender og føter og elske å vere i utfordrarposisjon, sa Riise til NTB etter treninga på Ullevål tysdag.

Der var 21 av dei 23 i troppen i aksjon for fullt. Maren Mjelde og Ada Hegerberg, det nye kapteinsteamet, såg på frå sidelinja. Dei restituerte, ettersom begge spelte kamp søndag.

Riise og assistentane hennar, Monica Knudsen og Ingvild Stensland, drilla spelarane i ulike formasjonsøvingar i 4-3-3-formasjonen landslaget frå no av skal nytte. Målvakttrenar Jon Knudsen hadde assistanse frå Frode Grodås i arbeidet med målvaktene.

Mottakelege

– Denne dagen handla om korleis vi skal sjå ut offensivt. Det skulle ikkje vere høg intensitet i dag, og det var ein fin måte å gi ein introduksjon til angrepsspelet og gjenvinningsspelet. Onsdagen kjem til å bli brukt til forsvarsspel og kontringsspel. Då er alle klare, og då blir det trykk, sa Riise.

Ho følte at spelarane var mottakelege for det som vart formidla.

– Det handla om å gi dei drypp av korleis vi vil spele angrep. I pausane høyrde vi at dei gjekk saman og snakka, og eg trur vi var på pluss i energi meir enn det var «eg veit ikkje kva eg skal gjere», sa ho.

Ingrid Syrstad Engen vart brukt som anker i midtbanetrioen, mellom indreløparane Frida Maanum og Guro Reiten.

– Eg trivst i den rolla og er vant til den frå klubb. Det er ei rolle eg kjenner godt til, men eg høyrer også etter korleis dei ønskjer at eg skal spele, sa ho til NTB.

Forsvarsfiraren bestod for det meste av (frå høgre) Anja Sønstevold, Sara Hørte, Guro Bergsvand og Tuva Hansen, medan Elisabeth Terland og Julie Blakstad var vingar. På topp bytte Sophie Román Haug og Calin Bizet Ildhusøy på, medan det openberre førstevalet, Hegerberg, stod på sidelinja og såg på.

Inga tid å miste

– Vi har ei kjensle av at det ikkje er noka tid å miste. Vi må bruke dei neste dagane for alt dei er verde for å komme inn i måten Hege ønskjer å spele, og slik at vi kan vere best mogleg mot Belgia og ta poenga vi treng. Det blir utruleg viktig å vere «på», sa Ingrid Syrstad Engen.

Med minst eitt poeng i Belgia fredag vil Noreg vere klar for VM-sluttspelet i Australia og New Zealand. Med tap på inntil tre måls margin vil Noreg også i praksis vere VM-klar, sidan alt som då skal til, vil vere heimesiger over eit svakt Albania-lag tysdag.

Skulle Noreg derimot ryke på eit nytt stortap (fire mål eller meir), kan Belgia derimot overta kommandoen i gruppa. Riise vil ikkje at spelarane skal hengje seg opp i det på førehand.

– Vi skal ikkje tenkje så mykje på resultat, men på korleis vi ønskjer å spele. Vi skal vere opptekne av prestasjonen. Sjølv om det er kort tid til kamp, skal vi vere godt førebudde, sa landslagssjefen.

(©NPK)

Hege Riise i aksjon under si første trening som sjef for det norske kvinnelandslaget. Foto: Terje Pedersen / NTB

Hege Riise samla spelarane før ho tok fatt på si første trening som Noregs landslagssjef for kvinner. Foto: Terje Pedersen / NTB

Ingrid Syrstad Engen og Frida Maanum diskuterer i ein pause under landslagstreninga tysdag, medan Sophie Román Haug høyrer på. Foto: Terje Pedersen / NTB