Annonse

Hegerberg mistar profilert lagvenninne til Engens Wolfsburg

Den nederlandske fotballprofilen Shanice van de Sanden forlèt Ada Hegerbergs Lyon til fordel for Wolfsburg.

Annonse

I den tyske storklubben blir 27-åringen lagvenninne med Ingrid Syrstad Engen og Karina Sævik. Sævik vart nyleg henta til Wolfsburg frå franske Paris Saint-Germain.

Van de Sanden har signert ein toårskontrakt, stadfestar Wolfsburg på nettsidene sine.

Den nederlandske profilen har spelt for Lyon sidan 2017. I den suksessrike franske klubben har ho vunne ei mengd titlar. Mellom anna har det vorte tre franske seriemeisterskap og like mange triumfar i Meisterligaen.

– Eg er veldig glad for overgangen til Wolfsburg. Wolfsburg har vore på det høgaste nivået i Europa i årevis, og sjølvsagt vil eg spele om titlar med dette laget i framtida, seier 27-åringen.

Lyon og Wolfsburg møttest nyleg i det som var Meisterligafinalen i førre sesong. Den franske klubben vann turneringa for femte år på rad med 3–1.

(©NPK)

Shanice van de Sanden og Ada Hegerberg har vore lagvenninner i fleire sesongar. Foto: Jan Kåre Ness / NTB