Annonse

Heidi Løke returnerer til Larvik

Heidi Løke forlèt Storhamar etter inneverande handballsesong. Ho vender tilbake til gamleklubben Larvik.

Det er Østlands-Posten som måndag melder om returen til vestfoldklubben.

- Larvik betyr utruleg mykje for meg. Dette blir den tredje perioden min i klubben, og eg ønsker no å avslutte karrieren her. Det skal bli godt å komme heim, seier Løke til lokalavisa.

Det er åtte år sidan Løke sist spelte for Larvik.

I tida som Storhamar-spelar har landslagsprofilen pendla til mjøsbyen frå heimen sin i Sandefjord.

- Eg har hatt og har det bra på Hamar, men heilskapssituasjonen blir jo lettare når det berre er eit kvarter til arenaen, seier Løke.

Til Storhamar kom ho frå den ungarske storklubben Györ, der ho tok tre meisterligatitlar på seks sesongar.

Løke har signert ein avtale med Larvik som går fram til 2020. Kanskje forlengar veteranen også etter det.

Avgjerande for at ho no vender tilbake til moderklubben vart det at Larvik er i ferd med å byggje opp eit nytt godt lag og siktar høgt.

- Ambisjonar har nemleg eg også. Og det at klubben framleis ønsker å bli best, bidrog sterkt for min del. Eg synest også klubben er på rett veg, seier Løke til Østlands-Posten.

35-åringen scora 1101 mål på 139 Larvik-kampar før ho forlét klubben til fordel for Györ.

(©NPK)

Heidi Løke vender tilbake til Larvik. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix