Annonse

Heidi Løke tar to år i Vipers

Handballandslagets Heidi Løke (36) har skrive under ein toårskontrakt med Vipers Kristiansand.

Handballandslagets Heidi Løke (36) har skrive under ein toårskontrakt med Vipers Kristiansand.

Overgangen har vore ein dårleg skjult løyndom den siste veka. Løke til Vipers vart ein realitet då det vart kjent at Larvik vart degradert til 1.-divisjon.

Løkes plan var at ho skulle forlate Storhamar til fordel for Larvik før den kommande sesongen. Slik vart det ikkje.

- Eg har ambisjonar om å halde meg i toppen i nokre år til, og då var det naturleg å velje Vipers. Dei er Noregs beste lag, og eg har òg merka at eg har sakna Champions League i dei siste åra, sa Løke under pressekonferansen.

Løke la heller ikkje skjul på at ho hadde fått beskjed om at 1.-divisjonsspel ikkje er bra nok for vidare spel på landslaget.

Det gjorde at strekspelaren måtte tenkje annleis. Ho ønsker å spele VM for Noreg seinare i 2019, og neste år er det store målet OL i Tokyo.

Vipers-trenar Ole Gustav Gjekstad var ikkje sein på avtrekkaren då det vart kjent at Løke ikkje skulle til Larvik likevel.

- Eg har vore som gjedda i sivet etter at det vart kjent. Med Heidi får vi tre linjespelarar, og det treng vi i Champions League, sa Gjekstad.

(©NPK)

Landslagets Heidi Løke skal spele for Vipers Kristiansand dei to neste sesongane. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix.