Annonse

Heile Newcastle-troppen i isolasjon etter smitteutbrot

Førstelaget til Newcastle er sendt i isolasjon etter eit smitteutbrot i klubben. Kampen på fredag mot Aston Villa i Premier League står i fare.

Det skriv The Guardian.

Fire spelarar og ein tilsett i støtteapparatet vart sett i isolasjon med smitte allereie søndag. Dermed vart heile førstelaget testa på nytt. Måndag vart dei bedne om å gå i isolasjon.

Newcastle skal etter planen møte Aston Villa fredag. Dersom kampen blir flytta, vil det bli den første koronautsette Premier League-kampen sidan førre sesong vart oppatteken i juni.

I utgangspunktet er reglane for eventuelle utsetjingar at laget ikkje klarer å stille ein førsteellevar med tre innbytarar, ifølgje The Guardian.

Manageren til laget, Steve Bruce, uttalte etter 2-0-sigeren mot Crystal at smittesituasjonen skapte bekymring.

– Vi prøver vårt beste å kontrollere situasjonen. Vi prøver å vere så forsiktige som mogleg. Eg er bekymra, ikkje berre for velferda til spelarane, men også dei tilsette. Eg er litt nervøs, sa han ifølgje TV 2.

Med ti kampar spelte ligg Newcastle på 13.-plass i Premier League etter fire sigrar, to uavgjort og fire tap.

(©NPK)

Heile Steve Bruces førstelag i Newcastle er sett i isolasjon. Foto: Daniel Leal-Olivas / AP / NTB