Annonse

Helse Møre og Romsdal tar sjølvkritikk etter å ha erklært kvinne død

I februar vart ei kraftig nedkjølt kvinne behandla ved Molde sjukehus. Ho vart feilaktig erklært død av teamet som behandla henne. No beklagar helseregionen.

Annonse

- Helse Møre og Romsdal beklagar sterkt overfor kvinna og dei pårørande at behandlinga vart stansa og kvinna vart erklært død før ho fekk den helsehjelpa situasjonen tilsa. Teamet som behandla henne er erfarne og høgt kompetente legar som dessverre gjorde ei feilvurdering.

Hendinga har gått sterkt inn på tilsette ved sjukehuset, uttaler fagdirektør Torstein Hole i Helse Møre og Romsdal i ei pressemelding frå helseføretaket.

I betring

Saman med fråsegna har føretaket også lagt ut ein sladda lydlogg på seks sider mellom AMK-operatøren og innringaren og operatøren og ambulanse og legevaktsentral.

Hole opplyser at helseføretaket er glad for at kvinna overlevde og er i betring.

- Vi vil ta lærdom av saka og skal bruke det interne kvalitetssystemet vårt for å sikre at slike hendingar ikkje skjer igjen. Vi ber om forståing for at vi ikkje kan gå meir i detalj om hendinga, sidan saka er ein del av ei større tilsynssak som går føre seg, seier fagdirektøren.

Helse Møre og Romsdal vil gi ei skriftleg tilbakemelding til Helsetilsynet og samarbeide med St. Olavs hospital og Helse Midt-Noreg for å gjennomgå prosedyrar og rutinar for handtering av nedkjølte pasientar. Målet er å unngå liknande hendingar i framtida.

Ikkje første gong

Legen ved sjukehuset melde hendinga som eit avvik til Helsetilsynet 20. februar, som undersøkte saka. I eit brev to dagar seinare skreiv tilsynet at dei har vurdert at det ikkje er nødvendig med vidare tilsynsmessig oppfølging i saka.

Men legg til at «den vil bli tatt med i vurderingsgrunnlaget i en annen pågående tilsynssak som gjelder lignende forhold.»

Ifølgje NRK gjeld dette ei sak frå februar i fjor, der Helse Møre og Romsdal fekk kritikk fordi dei ikkje sende ein nedkjølt mann til St. Olavs hospital. Også tidlegare har helseføretaket fått kritikk for å ikkje følgje rutinar knytt til nedkjølte pasientar.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix