Annonse

Helserelatert fråvær blir ikkje ført på vitnemålet ut skuleåret

Kunnskapsdepartementet forlengjer dei mellombelse endringane i fråværsreglane ut året. Dermed blir ikkje noko helserelatert fråvær ført på vitnemålet.

– Det er viktig at elevane følgjer råda som er gitt om når dei skal møte på skulen. Vi forlengjer unntaket i fråværsreglane for å unngå at elevar som skal vere heime av smittevernårsaker, ikkje skal føle seg pressa til å dra på skulen, seier kunnskapsminister Guri Melby (V) i ei pressemelding.

Dette gjeld mellom anna elevar med milde, nye luftvegssymptom, sjukdomskjensle, elevar i karantene eller isolasjon, og elevar som sjølve er i ei risikogruppe eller har nær familie som er det.

Elevar som ikkje kan delta i undervisning på skulen, men som ikkje er sjuke, pliktar framleis å delta i opplæringa heimanfrå slik at læraren har grunnlag for å setje karakter.

(©NPK)

Kunnskapsminister Guri Melby (V) forlengjer unntaket frå fråværsreglane ut skuleåret. Arkivfoto: Jil Yngland / NTB / NPK