Annonse

Helsetilsynet overvaker busstreiken

Helsetilsynet overvaker streiken blant bussjåførane for å sjå om liv og helse blir sett i fare på grunn av koronautbrotet.

– Det er partane som har ansvaret for at livet og helsa til befolkninga ikkje blir sett i fare. Vi har bede partane om å gjere greie for risikovurderinga som er gjord i samband med uttaket til streiken for å hindre at han rammar særleg sårbare og utsette grupper, skriv Statens helsetilsyn i ei melding måndag ettermiddag.

Der blir det òg poengtert at streiken blant bussjåførane skal trappast opp til helga, noko som medfører at til saman rundt 8.300 bussjåførar i store delar av landet vil vere ute i streik frå laurdag.

Det vil innebere auka press på resten av kollektivtrafikken, noko som kan føre til trengsel på trikk, t-bane og tog. Streiken vil òg kunne ramme helse- og sosialsektoren, ifølgje tilsynet. Streiken kan føre til at personell ikkje kjem seg på arbeid, eller at pasientane ikkje kjem seg til undersøking og behandling.

– Fylkesmennene har kontinuerleg kontakt med helseføretaka og kommunane om moglege konsekvensar av streiken og rapporterer om dette til Statens helsetilsyn. Vi rapporterer dagleg status vidare til Helse- og omsorgsdepartementet, heiter det i meldinga.

Viss regjeringa kjem til at streiken inneber fare for liv og helse, eller at det truar tryggleiken eller vitale samfunnsinteresser, vil ho gripe inn med tvungen lønnsnemnd. Då må arbeidstakarane vende tilbake til arbeidet og partane i den aktuelle konflikten akseptere å få oppgjeret avgjort gjennom lønnsnemnd.

(©NPK)