Helsingforskomiteen har meldt syriske leiarar for menneskerettsbrot

Den norske Helsingforskomiteen meiner at norsk politi bør etterforske 17 høgtståande syriske tenestemenn.

Fem personar som skal vere utsett for tortur i syriske fengsel, har med støtte frå Helsingforskomiteen meldt 17 leiarar i dei syriske tryggingsstyrkane til politiet.

Alle dei som har politimeldt, er flyktningar som bur i Noreg.

Personane seier at dei vart utsette for tortur i 14 fengsel ulike stader i Syria, og hevdar at det er militæret, sivile og politisk etterretning som torturerte dei.

Alle dei 17 personane er sentrale i kretsen rundt president Bashar al-Assad, ifølgje Helsingforskomiteen.

- Offera er flyktningar i Noreg, medan gjerningsmennene framleis har maktposisjonar i Syria. Norsk lov opnar for at dei ansvarlege for torturen kan etterforskast her, sjølv om dei er i Syria, skriv Gunnar Ekeløve-Slydal, assisterande generalsekretær i Den norske Helsingforskomité i ei pressemelding.

Ifølgje nyheitsbyrået AP er liknande prosessar i gang i Frankrike, Sverige og Austerrike.

(©NPK)