Annonse

Henning Solberg unngjekk konkurs

Ramiz Safdar fekk i Heggen og Frøland tingrett ikkje medhald i sitt konkurskrav mot Henning Solberg. Retten har òg redusert kravet kraftig, skriv VG.

- Eg er letta. Dette er ein siger. Og veldig viktig for familien, seier Henning Solberg til VG.

Ramiz Safdar kravde Solberg for 11,5 millionar, men dette vart redusert til 2,5 millionar av retten.

- Konkurskravet er forkasta, seier Solbergs advokat Hans Kristian Skarpholt til avisa. Han seier retten finn det bevist at Henning Solberg har eigedelar til å gjere opp kravet på 2,5 millionar.

Det har ikkje lykkast avisa å komme i kontakt med Safdar.

(©NPK)

Advokat Hans Kristian Skarpholt og Henning Solberg under rettsmøtet til behandling av konkurskravet måndag. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix