Annonse

Hepatitt C-virus skal overvakast i Noreg

Nye metodar gjer det mogleg å undersøkje kor godt medisin mot hepatitt C verkar. Noreg har som mål at ingen skal døy av hepatitt C etter 2023.

Dei siste åra har det komme ei rekkje effektive medikament mot hepatitt C-virus (HCV), opplyser Folkehelseinstituttet.

– Effekten av behandling avheng mellom anna av sensibiliteten til viruset for medikamentet, seier overlege Anne-Marte Bakken Kran.

Derfor skal FHI overvake i kva grad viruset er resistent mot medikament saman med Resistensovervåkning av virus i Noreg (RAVN). Arbeidet startar i mai.

Verdshelseorganisasjonen har som mål å eliminere hepatitt C som eit folkehelseproblem innan 2030. I Noreg skal førekomsten av viruset ned med 90 prosent innan 2024, og ingen skal døy av hepatitt C etter 2023.

(©NPK)

Folkehelseinstituttet skal overvake hepatitt C i Norge. Foto: Jil Yngland / NTB