ANNONSE
Annonse

Hevinga av fregatten kan tidlegast byrje 20. januar

For å heve den forliste fregatten KNM Helge Ingstad treng Forsvaret fem til seks dagar med fint vêr. Arbeidet kan starte tidlegast 20. januar.

Det kom fram på ei orientering for pressa fredag.

Opninga for løftekjettingar har vorte mindre fordi fregatten har sklidd lenger ned langs sjøbotnen.

- Det betyr at vi må flytte kjettingane lenger fram og bakover på skroget. Vi må derfor gå i gang med berre tre av fire sett med løftekjettingar. Det er ein utruleg krevjande operasjon, seier kommandørkaptein Arild Øydegard, som er Prosjektleiaren til forsvarsmateriell for hevinga.

Sterk vind frå søndag

Torsdag kveld måtte kranfartøyet Rambiz forlate havaristaden på grunn av sterk og aukande vind, men fredag kveld der det venta at fartøyet kan starte opp att arbeidet ved havaristen, opplyser Forsvaret.

- Frå søndag morgon er det meldt sterk vind frå nordvest, og det vil truleg føre til stopp i operasjonen ved havaristen til vêrforholda tillèt vidare arbeid, heiter det.

Over på lekter

Fregatten ligg under vatn i fjøra i Øygarden i Hordaland etter kollisjonen med tankskipet Sola TS natt til 8. november i fjor.

Ifølgje Bergensavisen skal hevinga gjennomførast ved at kranfartøya Gulliver og Rambiz blir lagde ved fregatten. Han skal tømmast for diesel i utsette område, og deretter gradvis bli heisa opp. Planen er vidare å få Helge Ingstad over på den store, nedsenkbare lekteren Boabarge 33, som så skal hevast.

Etter å ha vorte tømd for farleg utstyr, mellom anna ammunisjon, skal fregatten fraktast til Haakonsvern på lekteren. Først då blir det klart om fregatten skal reparerast eller blir skrota.

Dei endelege kostnadene for berginga er framleis ikkje kjende.

(©NPK)

Lekteren Boabarge 33 skal brukast til å transportere fregatten Helge Ingstad. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Kranfartøya Gulliver og Rambiz ved Hanøytangen fredag. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Den forliste fregatten fotografert i slutten av november. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix