Annonse

Hirscher best i parallellstorslalåm, Kilde nummer sju

Det vart ingen norsk suksess i mandagsrennet i parallellstorslalåm i Alta Badia. Endå ein gong stod Marcel Hirscher øvst på verdscuppodiet.

Som dagen før kunne ingen stoppe Austerrikes superstjerne i den italienske alpinbakken. Hirscher danka ut Kjetil Jansrud på vegen mot endå ein triumf. Nordmannen kom til kort i åttedelsfinalen.

I finalen fekk Hirscher det lett i duellen med Thibaut Favrot. Franskmannen fekk ei elendig opning og var ikkje i nærleiken og tapte med 14/100 sekund.

Henrik Kristoffersen rauk ut for nettopp Favrot i kvartfinalen. Rælingen-alpinisten vart slått med fire tidelar. Aleksander Aamodt Kilde forsvann også ut på dette stadiet, men han gav svenske Matts Olsson ein hard kamp. Mellom dei skilde det berre 8/100 sekund.

Begge tapte òg plasseringsduellane sine, og dermed var det duka for ein heilnorsk kamp om 7.-plassen. Der var Kilde sterkast og var i mål seks hundredelar føre Kristoffersen.

I 16.-delsfinalen tok alle dei norske seg vidare. For både Kristoffersen og Leif Kristian Nestvold-Haugen skjedde det med minst mogleg margin. Duoen avanserte med høvesvis 2 og 3 hundredelar.

Nestvold-Haugen var 15 hundredelar for seint ute i åttedelsfinalen mot Kilde. Kristoffersen tok seg så vidt vidare med siger over Luca De Aliprandini frå Italia.

(©NPK)

Marcel Hirscher jublar for verdscupsiger i parallellstorslalåmrennet i Alta Badia. Foto: Marco Trovati / AP / NTB scanpix