ANNONSE
Annonse

Historisk britisk samanlagtsiger i Polen rundt

Ineos-ryttar Ethan Hayter (23) vart fredag den første briten i historia til å vinne etapperittet Polen rundt samanlagt.

Grunnlaget for samanlagtsigeren vart lagt på den 11,8 kilometer lange individuelle tempoetappen på torsdag. Då vart 23-åringen nummer tre.

Briten stakk også av med samanlagtsigeren i Tour of Norway i fjor.

Fram til byrjinga på 2000-talet var etapperittet prega av så å seie berre polske samanlagtvinnarar. I 2005 fekk rittet verdstour-status, og det vart raskt langt meir attraktivt for utanlandske ryttarar å delta.

Sidan den gong har stjerneryttarar som Peter Sagan, Dan Martin, Rafal Majka, Tim Wellens og Michal Kwiatkowski alle vunne rittet samanlagt.

Årets utgåve vart fredag avslutta med ein flat etappe der franske Arnaud Démare gjekk til topps. Den norske Uno-X-ryttaren Syver Wærsted var ein del av det opphavlege brotet på etappen.

(©NPK)

ANNONSE
Annonse