Annonse

Historisk rettsavgjerd om tiggeforbod i Sverige

Sveriges høgste forvaltningsdomstol slår fast at Vellinge kommune ikkje kan nektast å innføre tiggeforbod. Det opnar for at andre kommunar kan gjere det same.

Vellinge kommune har grunngitt ønsket om å innføre forbod med at tiggarar forårsakar forstyrringar som «gjenteken urinering og forsøpling av offentlege område». Alle lågare instansar har slått fast at kommunen ikkje har greidd å bevise at tigginga forstyrrar offentleg orden, men Sveriges høgste forvaltningsdomstol slår måndag fast at dette ikkje trengst.

Etter vurderinga deira finst det rett og slett ikkje grunnlag i ordenslova for å krevje at Vellinge må bevise at tigginga forstyrrar offentleg orden, og eit tiggeforbod kan derfor ikkje underkjennast med det grunnlaget.

Carina Wutzler, leiar i kommunestyret i Vellinge, er svært positiv til rettsavgjerda.

- Dette er veldig viktig for kommune-Sverige. Ein viser at det er mogleg å innføre lokale tiggeforbod. Dette handlar om kommunalt sjølvstyre, seier ho.

Fleire andre svenske kommunar har òg prøvd å innføre ulike variantar av tiggeforbod. Dei har venta i spenning på rettsavgjerda på måndag.

- Vi får sjå kor forslaget vårt tek vegen, vi har valt ein litt meir kronglete variant der ein må søkje om løyve (til å tigge, journ.anm.). Men eg trur mange kommunar kjem til å sjå på dei moglegheitene som finst no, seier Jimmy Jansson, kommunestyreleiar i Eskilstuna.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix.