Hitlers flosshatt selt for over 500.000 kroner

Ein flosshatt som tilhøyrde Adolf Hitler, og ei luksusutgåve av «Mein Kampf» er blant gjenstandane som vart selde på ein omstridd auksjon i Tyskland.

Blant dei over 800 nazi-tilknytte gjenstandane som vart auksjonerte bort onsdag, var kjolen til Adolf Hitlers kone Eva Braun, Hitlers flosshatt og Hermann Görings sigareske.

Kjolen til Braun vart auksjonert bort for stive 46.000 kroner, medan «Mein Kampf» gjekk for 1,3 millionar kroner. Hitlers flosshatt gjekk for over ein halv million kroner.

Auksjonen, som vart halden i Grasbrunn nær München i regi av auksjonshuset Hermann Historica, har vorte møtt med kritikk frå mellom anna frå den europeiske jødiske foreininga EJA.

Hermann Historica-sjef Bernhard Pacher opplyser at dei har selt rundt 80 prosent av gjenstandane og seier at dei fleste som kjøpte, var museum, nasjonalsamlingar og private samlarar med akademisk interesse for feltet.

- Jobben vår er å hindre at desse tinga hamnar i feil hender, sa han før auksjonen, som held fram over internett torsdag.

(©NPK)

Denne flosshatten, eigd av Adolf Hitler, vart auksjonert bort for over ein halv million kroner i Tyskland onsdag. Foto: Matthias Balk, AP / NTB scanpix

Ein cocktailkjole som tilhøyrde Eva Braun, var blant gjenstandane som vart auksjonert bort under ein tysk auksjon. Foto: Matthias Balk / DPA via AP / NTB scanpix

Ein hatt og ei lommebok som tilhøyrde Eva Braun vart auksjonert bort onsdag. Foto: Matthias Balk / DPA via AP / NTB scanpix