Annonse

Hjelpetelefon for europearar i brexitnød

EU-kommisjonen opprettar eit eige nødnummer for europearar som treng hjelp til å førebu seg på brexit.

Annonse

EU-borgarar kan ringe gratis til 00 800 67 89 10 11 i EU viss dei treng hjelp til å førebu seg på ein såkalla hard brexit utan avtale.

Der møter dei ekspertar som kan hjelpe på alle offisielle EU-språk.

Kommisjonen har òg publisert ein pakke med faktaark på alle EU-språk for å forklare kva «no deal» vil innebere.

(©NPK)

Ein EU-vennlig demonstrant i Storbritannia. Foto: Frank Augstein / AP / NTB scanpix