Annonse

Hjernen bak IS-angrep i Bagdad skal vere arrestert

Irakiske styresmakter har arrestert ein mann som blir skulda for å vere hjernen bak eit IS-angrep som kosta minst 323 menneske livet i Bagdad i 2016.

Annonse

Angrepet i Karrada-distriktet i Bagdad var ein av dei dødelegaste terroraksjonane i verda sidan 11. september-angrepa i USA i 2001.

Ifølgje Iraks statsminister Mustafa al-Kadhemi var det planlagt av Ghazwan al-Zobai, som nyleg vart arrestert i eit anna land.

Zobai vart frakta til Irak i helga, tvitrar Kadhemi, som ikkje oppgir kva land den påståtte IS-toppen vart arrestert i.

Nestleiar

Tidlegare i månaden vart det kjent at IS-toppen Sami Jassem al-Jaburi var arrestert i Tyrkia, og deretter utlevert til Irak.

Kadhemi opplyste då at arrestasjonen var eit resultat av «ein kompleks ekstern operasjon» der irakisk etterretning deltok.

Sami Jassem al-Jaburi var nestleiar under tidlegare IS-leiar Abu Bakr al-Baghdadi, som vart drepen i eit amerikansk angrep i oktober 2019. Han fungerte òg som finansministeren i gruppa.

Rømde frå Abu Ghraib

Ghazwan al-Zobai er eit mindre kjend namn, men skal vere 29 år gammal med bakgrunn frå al-Qaida.

Ifølgje irakiske etterretningskjelder vart han teken til fange av amerikanske styrkar og seinare overført til det berykta Abu Ghraib-fengselet, som han flykta frå i 2013. Etter dette skal han ha slutta seg til IS.

Irakisk etterretning skal ha vore på sporet av han i fleire månader og hevdar at Zobai, som gjekk under dekknamnet Abu Obaida, var hovudmannen bak ei rekkje terroraksjonar i Irak.

(©NPK)

Folk samla seg på åstaden for terrorangrepet i Karrada-distriktet i Bagdad i 2016, der minst 323 menneske vart drepne av ein sjølvmordsbombar og brannen som følgde. Foto: AP / NTB