Klargjør siden...

Hjernesjukdom gir frykt for framtida til hjort og rein

(NPK-NTB): Hjernesjukdomen CWD blei i april og mai påvist på ein rein og to elgar. Forskarar fryktar at sjukdommen har spreidd seg og dermed at framtida til hjortedyra i Noreg er i fare.

Ei død reinsimle fekk påvist sjukdommen Chronic Wasting Disease i april, mens sjukdommen blei påvist på dei to elgane i Trøndelag månaden etter, melder NRK. Sjukdommen er tidlegare berre kjend frå USA og Canada.

– Kunnskapen om sjukdommen har vi frå dei to landa. Finn dei eitt tilfelle av sjukdommen der, skal alt hjortevilt på ein radius på 20 kilometer ut. Får dei to eller fleire tilfelle skal radiusen bli auka til 70 kilometer. Det vil få enorme konsekvensar i Noreg dersom vi må ty til liknande nedskyting, seier Lars Nesse, leiar av villreinnemnda for Nordfjella og Fjellheimen.

Sjukdommen er døyeleg og kan samanliknast med skrapesjuke på sau eller kugalskap. Inkubasjonstida kan vare i fleire år, ein periode dyra kan skilje ut smittestoff gjennom avføring og urin.

Under haustjakta i år har styresmaktene inngått eit omfattande samarbeid med reinjegerane om prøvetaking av dyra som bli felt.

– Det er liten sannsyn for at vi har oppdaga dei einaste tre smittefellene i Noreg med over 30 mil luftlinje imellom, seier veterinær Kåre Rudningen i Lærdal. (©NPK)

Annonse