Annonse

Hodgson forlengjer med Crystal Palace

Roy Hodgson er tilboden ny kontrakt som manager i Premier League-klubben Crystal Palace. Den tidlegare Viking-trenaren stadfestar at han kjem til å signere.

72-åringen stadfesta fredag at kontrakten ligg på bordet, klar til å bli signert.

På pressekonferansen før seriekampen i helga mot Newcastle la han ikkje skjul på at han kjem til å setje namnetrekket sitt på papiret.

Hodgson tok over London-klubben i 2017 då han erstatta nederlandske Frank de Boer. 72-åringen, som leidde det engelske landslaget frå 2012 til 2016, har òg ei fortid i Crystal Palace. Det var nettopp i London-klubben han trakka sine gutebein som fotballspelar i 1960-åra.

Trenarveteranen har ein lang karriere bak seg. Han spenner over trenartilsetjingar i 15 klubbar frå åtte ulike land. Mellom anna står Liverpool og Viking på CV-en til engelskmannen.

Hodgson har òg vore landslagssjef for fire ulike land, mellom dei England.

(©NPK)

Fotballtrenar Roy Hodgson forlengjer med Crystal Palace. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix