Høgre legg skattekrangel til side på landsmøtet

Skatteopprørarane i Høgre har trekt forslaga om at formuesskatten må fjernast heilt.

– Dei er trekt, alle desse forslaga, seier Linda Hofstad Helleland til NTB.

Ho har gjennom to år leidd arbeidet med Høgres nye partiprogram. No er det klart at landsmøtet denne veka ikkje vil utfordre forslaget programkomiteen har til kompromiss om formuesskatt.

– Det betyr at det er eit einstemmig parti som no kjem til å foreslå at formuesskatt på arbeidande kapital skal fjernast, samtidig som vi skal auke botnfrådraget. Det gjer vi for å styrkje norsk eigarskap, seier Helleland.

Overrasking i fjor

Avklaringa kjem etter at Høgres førre landsmøte i september i fjor overraskande gjekk inn for å fjerne formuesskatten heilt.

Det var Vestland Høgre som stod bak forslaget som fekk fleirtal den gongen.

Fylkeslaget har sendt inn eit likelydande forslag til partiprogrammet som skal vedtakast til helga, men stadfestar no at dette er trekt.

– Vi vurderte å køyre saka i votering, og det var derfor vi sende inn endringsforslaget. Men vi ser at det sannsynlegvis ikkje vil tene saka, seier fylkesleiar Tom Georg Indrevik til NTB.

Store inntekter

I programutkastet som ligg an til å bli vedteke, går Høgre inn for å «fjerne formuesskatten på arbeidende kapital for å styrke norsk eierskap til norske jobber». Samtidig skal botnfrådraget aukast på all formuesskatt.

I dag gir formuesskatten kommunane og staten inntekter på over 15 milliardar kroner.

Sjølv om initiativet til å fjerne formuesskatten heilt kom frå hennar eige fylkeslag, har statsminister og partileiar Erna Solberg vore tydeleg på at ho meiner dette ikkje er økonomisk realistisk.

Ifølgje henne har partiet no innsett at det er avgrensa kor mykje formuesskatten kan kuttast på fire år.

– Eg likar ikkje løfte som vi veit at vi ikkje kjem til å klare å gjennomføre, seier Solberg til NTB.

Bekymra for eigarskapen

Indrevik meiner for sin del at debatten om formuesskatt i altfor stor grad har handla om dei aller rikaste, og i altfor liten grad om konsekvensane som formuesskatten kan ha for eigarskap.

– Det har vorte ein trist debatt. Det debatten dreier seg om, er ikkje det vi er opptekne av. Vi er opptekne av lokal eigarskap og små og mellomstore bedrifter, seier Indrevik.

Han viser til at utlendingar slepp å betale formuesskatt, medan lokale eigarar må betale.

– Sånn kan det ikkje vere. Eg saknar dette perspektivet i den norske debatten, i staden for at ein fokuserer på nokre få rike, seier Indrevik til NTB.

Han meiner det har vore vanskeleg å nå igjennom med bodskapen om eigarskap.

– Det blir ofte ein rikingdiskusjon som eg synest er å vri debatten.

(©NPK)

Høgreleiar og statsminister Erna Solberg heldt måndag eit pressetreff i forkant av Høgres landsmøte. Foto: Terje Pedersen / NTB

Høgreleiar og statsminister Erna Solberg heldt måndag eit pressetreff i forkant av Høgres landsmøte. Her saman med distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland, som har leidd arbeidet med Høgres nye partiprogram. Foto: Terje Pedersen / NTB