ANNONSE
Annonse

Høgsterett sa nei til å behandle anke frå Mahad Mahamud

Høgsterett har vedteke å ikkje ta anken frå Mahad Mahamud til behandling. Dommen til lagmannsretten frå november i fjor om utvising er dermed rettskraftig.

Bioingeniøren Mahad Mahamud tapte i Borgarting lagmannsrett i november saka om utvising frå landet og tilbakekalling av det norske statsborgarskapet sitt.

Då Mahad Mahamud kom til Noreg i 2000, oppgav han å vere 14 år og somalisk statsborgar. Han vart innvilga mellombels opphald og fekk i 2008 norsk statsborgarskap. Han utdanna seg til bioingeniør og fekk jobb ved Ullevål sjukehus.

I 2013 fekk Utlendingsnemnda (UNE) eit tips om at han hadde ført norske styresmakter bak lyset. Politiet vart kopla inn og gransking vart sett i verk. Tre år seinare konkluderte UNE med at den då 29 år gamle bioingeniøren ikkje kjem frå Somalia, og han mista både det norske statsborgarskapet sitt og jobben.

Han gjekk til sak for å få omgjort vedtaket, men Oslo tingrett konkluderte våren 2017 med at Mahamuds somaliske fødselsattest var forfalska, at han truleg var mellom 18 og 20 år då han kom Noreg og at han og familien kjem frå Djibouti.

«Endringer, motsigelser og troverdighetsbrister i forklaringene tilsa at påliteligheten av opplysningene var lav. Utvisningen er ikkje uforholdsmessig, særleg i betraktning av at hele oppholdet her i landet var basert på feilaktig faktum», heitte det mellom anna i dommen.

(©NPK)

Mahad Mahamud tapte saka om statsborgarskap. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix