Annonse

Hopp: Alle norske kvalifiserte seg i Polen

Alle dei sju norske mannlege skihopparane kvalifiserte seg til verdscuprennet i Wisla i Polen fredag kveld.

Best av dei norske var Marius Lindvik, som fekk til eit hopp på 132 meter.

Det heldt til andreplass bak Jan Hörl frå Austerrike.

Bortsett frå Lindvik var det ingen av nordmennene som utmerkte seg i kvalifiseringa. Nest best vart Robert Johansson, medan Daniel-André Tande følgde deretter.

Halvor Egner Granerud, som har vore den beste norske hopparen den siste tida, hoppa 120 meter og kom greitt inn blant dei 50 hopparane som skal hoppe laurdag.

Etter at han vann det første verdscuprennet i Russland, har det ikkje stemt for Granerud.

I Finland sist helg rauk han først ut i kvalifiseringa, medan han i det andre rennet ikkje klarte å hoppe seg inn i finaleomgangen.

Rennet går laurdag.

(©NPK)

Halvor Egner Granerud hoppar verdscuprenn i Polen laurdag. Foto: Torstein Bøe / NTB