Annonse

Hopp: Johansson best i test

Den norske landslagshopparen Robert Johansson var bestemann i testrennet i Granåsen torsdag.

28-åringen frå Søre Ål vann rennet over to omgangar framfor Andreas Stjernen og Joacim Ødegård Bjøreng.

Johansson nådde 143 og 139 meter og fekk 290,6 poeng. Stjernen fekk 283,4 poeng etter 138,5 og 142,5 meter. Bjørengs 135,5 og 138,5 meter gav 266,8 poeng.

- Hoppinga fungerte bra, og dette kjentest gunstig ut, sa Johansson ifølgje twitterkontoen til hopplandslaget.

Johannson sa at ein siger i eit testrenn har betydning.

- Det betyr mykje. Du får svar på at det er all right, og eg føler meg betre dag for dag. Det betyr at vinteren nærmar seg.

Johansson seier at han hoppar på eit ganske høgt nivå for tida.

- Eg har vore flinkt til å både trene og kvile i sommar. Eg har jobba med flyginga, og det kjennest fint ut, meinte Robert Johansson, som tok to individuelle bronsemedaljar i OL i Pyeongchang sist vinter. Han var også med på det norske laget som tok gull i laghopp.

- Eg er kjempefornøgd med hoppinga til Robert. Dette lovar bra, sa landslagstrenar Andreas Stöckl.

Kombinertløparen Jarl Magnus Riiber vart nummer fem etter 136 og 134 meter og 263,1 poeng.

Anders Fannemel og Halvor Egner Granerud vart nummer fire og seks.

Johann André Forfang er tilbake etter skaden, men måtte nøye seg med å vere prøvehoppar i rennet torsdag.

Daniel-André Tande har pådratt seg influensa og deltok ikkje i rennet.

(©NPK)

Robert Johansson vann testrennet i Granåsen i Trondheim torsdag. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix.