Annonse

Hopp: Tande ute med skade i opptil seks veker

Daniel-André Tande må belage seg på opptil seks veker på sidelinja. Skihopparen pådrog seg ein smell i kneet på samlinga i franske Courchevel.

Skadeproblem sette ein stoppar for Tandes deltaking i ski-VM i Seefeld i vinter, og no må Kongsberg-hopparen på ny bruke tid på rehabilitering.

Eit langt hopp på samling i Frankrike gjer at 25-åringen må halde til ytterlegare tid på sidelinja.

- Eg måtte sleppe meg ned over hillsize på trening i Courchevel. Der og då gjorde det veldig vondt, men eg forstod raskt at eg ikkje hadde roke noko i kneet. Eg hadde heile tida eit håp om at det var mindre alvorleg enn sist. Og det er det heldigvis. Perioden på sidelinja er kortare denne gongen. Eg er letta sjølv om det er kjedeleg å vere ute ein periode, seier Tande i ei pressemelding.

Torsdag var Tande til MR-undersøking, og heldigvis for Hopp-Noreg viste bilda ingen alvorleg skade i Tandes venstre kne.

- Det er ein positiv beskjed at Daniel ikkje er alvorleg skadd. No gjeld det berre å få kroppen på plass mot vinteren. Det er viktig at han får den tida han treng for å rehabilitere for fullt, seier landslagssjef Alexander Stöckl.

Kongsberg-hopparen er regjerande verdsmeister i skiflyging. I mars er det VM i skiflyging i Planica.

(©NPK)

Daniel-André Tande fekk nyleg ein smell i kneet på samling. Foto: Geir Olsen / NTB scanpix