Annonse

Horneland feller knallhard Rosenborg-dom

I eit intervju med NRK seier RBK-trenar Eirik Horneland at laget er for gammalt, at klubben har brukt for mykje pengar, og at resultata den siste tida er krise.

Horneland vart presentert som ny Rosenborg-trenar i januar. Den tidlegare Haugesund-sjefen har fått ein brutal start med klubben som i fjor vann både serie og cup. Eitt poeng er fasiten på tre kampar, og den største fotballklubben Noreg har vore som ein skugge av seg sjølv.

Horneland har fått mykje kritikk etter den tunge seriestarten. Det same har RBK-leiinga. Trenaren held heller ikkje igjen når han snakkar om starten sin i Trondheim.

- Det er for dårleg, altfor dårleg. I fotballsamanheng er det krise, vi legg ikkje skjul på det, seier han til NRK.

Blant det klubben har fått kritikk for, er alderen på spelargruppa. Mot Odd i den andre serierunden hadde laget ein gjennomsnittsalder på 28,5, skreiv VG. Horneland er samd i at troppen er for gammal per dags dato.

- Det kjem eit generasjonsskifte i Rosenborg no. Det er uomtvisteleg. Det er nøydd til å komme, for det er eit litt for gammalt lag. Men utgangspunktet er at dei som er her, har den kvaliteten og svolten som skal til. Men eit fotball-liv varer ikkje evig, så vi er nøydde til å starte ein prosess der vi skal bygge eit nytt Rosenborg, seier han til NRK.

Horneland fortel vidare at han trur det har vorte for mykje pengar i RBK dei siste åra.

Rosenborg ligg nest sist i Eliteserien etter tre serierundar. Måndag kjem Strømsgodset til Lerkendal.

(©NPK)

Eirik Horneland har fått ein brutal start som RBK-trenar. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix