Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Houthi-militsen i Jemen seier dei står bak angrepa på det norskeigde skipet Swan Atlantic og konteinarskipet MSC Clara i Raudehavet.
Publisert: 18.12.2023 kl 14:39
Det er ein militær talsmann i Houthi-rørsla som opplyser dette måndag ettermiddag, ifølgje nyheitsbyrået Reuters.
Det er ikkje meldt om nokon skadar om bord på det norskeigde skipet MS Swan Atlantic etter hendinga måndag, har reiarlaget Chemical Tankers opplyst.
Situasjonen i Raudehavet er spent etter at houthi-opprørarane i Jemen har retta ei rekke angrep mot skip. USA har bede fleire land, blant dei Noreg, delta i ein internasjonal operasjon for å sørgje for tryggleiken.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.