Hovland og Ventura speler saman i Mexico

Golfkameratane Viktor Hovland og Kristoffer Ventura skal gå i same gruppe dei to første rundane av PGA-turneringa i Playa del Carmen.

Klokka 18.50 torsdag kveld norsk tid slår dei to ut på opningsrunden sin, medan 14.20 dagen etter startar dei på den andre runden i Mexico.

Viktor Hovland har hatt eit lite opphald på PGA-touren etter 41.-plassen i Japan den siste helga i oktober. Kristoffer Ventura var sist i aksjon på Bermuda for ti dagar sidan. Det enda òg med 41.-plass.

Begge har sikra seg plass på PGA-touren 2019/20, men dei har ikkje fulle spelerettar og er avhengig av å bli invitert til enkelte turneringar.

I Playa del Carmen-turneringa i fjor debuterte Hovland på PGA-touren som amatør. Han enda opp med å misse cuten med eitt slag.

(©NPK)

Golfspelaren Viktor Hovland skal spele i same gruppe som Kristoffer Ventura i PGA-turneringa i Mexico torsdag og fredag. Foto: Jared C. Tilton / GETTY / AFP / NTB scanpix