Hovudredningssentralane åtvarar mot svekt redningskapasitet

Hovudredningssentralane seier at svekt redningskapasitet gjer at risikoen ved ulykker kan auke. Dei vil ha svar på kvar dei nye redningshelikoptera kan lande.

Årsrapporten frå Hovudredningssentralane (HRS) frå i fjor blir onsdag tema på eit møte i Justis- og beredskapsdepartementet, skriv Stavanger Aftenblad. Også redningsaksjonen på cruiseskipet Viking Sky skal bli drøfta, ifølgje HRS Sør-Noreg.

I rapporten peikar HRS på helikoptermangel i Kystvakta og ein antatt ytterlegare reduksjon i tilgangen på Forsvarets Orion-fly dei neste åra, noko HRS meiner vil føre til redusert redningsberedskap i redningsansvarsområdet deira.

På same tid peikar sentralen på auka aktivitet innan turisme, fiskeri og petroleumsverksemd, noko som aukar risikoen for ulykker. Fungerande avdelingsdirektør Ståle Jamtli i HRS Sør-Noreg seier sentralen har sagt frå om utviklinga i fleire årsrapportar. Motorstansen og evakueringa på cruiseskipet Viking Sky meiner han er ein del av utviklinga.

- Det er utvilsamt hendingar med store cruiseskip som er den mest krevjande operasjonen å handtere, fordi det er så mange folk om bord, seier han.

(©NPK)

Cruiseskipet Viking Sky kjem til Molde etter problema over Hustadvika i Møre og Romsdal laurdag. Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix