Annonse

Huawei byggjer tryggingssenter i Noreg

Det kinesiskeigde teknologikonsernet Huawei skal byggje eit testsenter for cybertryggleik i Noreg.

Målet med senteret er å gi kundane og norske styresmakter «innsyn i Huaweis leveransar til mellom anna det kommande 5G-nettet, og opnar for eit tett, grundig og ope samarbeid om tryggleik og personvern», skriv selskapet i ei pressemelding onsdag.

Nyheita kjem etter bekymringar frå Politiets tryggingsteneste (PST), som meiner at selskap frå land Noreg ikkje har tryggleikspolitisk samarbeid med, bør avgrensast frå å jobbe med ekomnett, skreiv E24 tysdag.

- Ikkje dårlegare tryggleik med oss

- Vi håper med dette å bevise at det ikkje er nokon grunn til å tru at tryggleiken er dårlegare med oss som leverandør enn med andre aktørar i marknaden. Huawei vil aldri gi styresmaktene i noko land tilgang til informasjon. Vi er eit globalt konsern med 180.000 tilsette i 170 land, og det er desse tilsette som eig oss, ikkje den kinesiske staten, seier tryggingsdirektør Tore Larsen Orderløkken i Huawei Norge.

Justisminister Tor Mikkel Wara (Frp) sa i førre veke til Reuters at Noreg vurderer tiltak som vil ekskludere utstyr frå Huawei i utbygginga av 5G-nettverket i Noreg.

Fleire land, blant andre USA, New Zealand og Australia, har bannlyst Huawei frå mobilnetta sine, i frykt for at det kinesiske selskapet er knytt for tett opp mot den kinesiske staten og kinesiske etterretningsorgan. Selskapet har konsekvent avvist skuldingane og forlangt bevis.

Lovar full transparents

- Av både sosiale og økonomiske grunner må vi sørgje for at alle data er verna, at alles privatliv blir respektert, og ikkje minst at ikkje noko vi gjer går på kompromiss med kravet i eit land til tryggleik. Dette er sjølve grunnlaget for å byggje tillit til den digitale økonomien. Huawei anerkjenner dette til fulle, og vi styrkar tilnærminga vår til tryggleik kontinuerleg, seier tryggingsdirektør Orderløkken i Huawei Norge.

- Det norske tryggingssenteret vil gi full transparents for både styresmakter, teleoperatørar og kundar, seier tryggingsdirektøren.

- Vi har inga tilknyting til kinesiske styresmakter utover å ha hovudkontor i Kina. Som leverandør til 45 av dei 50 største teleselskapa i verda er vi heilt avhengige av tillit frå kundane og sluttbrukarane våre, og dette vil vi naturlegvis ikkje gå på kompromiss med, seier Orderløkken i pressemeldinga.

Huawei har tidlegare bygd testsenter for cybertryggleik i Belgia, Tyskland og Storbritannia.

(©NPK)

Huawei har sett i gang PR-apparatet for å avkrefte skuldingar om at selskapets løysingar kan vere ein tryggleiksrisiko. Foto: AP/Andy Wong/NTB scanpix