Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Med Finlands innlemming i Nato vil også Noregs tryggleik bli styrkt, seier utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap).
Publisert: 04.04.2023 kl 14:07
Huitfeldt deltok tysdag på Natos utanriksministermøte i Brussel. Ho tok seg også tid til å kikke på den nye flaggstonga som er reist mellom flagga til Estland og Frankrike, der det finske blir flagga skal heisast tysdag ettermiddag.
– Det er ein veldig spesiell dag, som kjennest veldig historisk. Stemninga er spent, seier Huitfeldt til NTB.
Finlands inntog i Nato skjer på 74-årsdagen til alliansen. Også Nato-sjef Jens Stoltenberg kalla dagen historisk då han møtte pressa tidlegare på dagen.
Huitfeldt er klar på at forsvarssamarbeidet i nord blir sterkare med Finland som Nato-medlem.
– Dette betyr betre kollektiv tryggleik og at Noregs tryggleik vil bli betre. Finlands styrkar kan no setjast under Natos kommando. Dermed vil vi kunne komme kvarandre til unnsetning raskare. Det er i nord vi ser at vi har tryggingsutfordringar, seier ho.
– Dessutan har finnane ofte same forståing som oss. Vi utfyller kvarandre, føyer ho til.
Finland og Sverige bad om medlemskap i Nato etter Russlands invasjon av Ukraina i februar i fjor. På Nato-toppmøtet i Madrid i juni vart søknadene aksepterte og har sidan i tur og orden vorte ratifisert av nasjonalforsamlingane til medlemslanda.
Ungarn og Tyrkia har likevel trenert prosessen, og først i midten av mars sa Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan at han var klar til å sleppe inn Finland.
For Sverige er derimot døra til Nato framleis stengt av Tyrkia, som har stilt krav om at Sverige må utlevere ei rekkje personar med tilknyting til kurdiske organisasjonar og Gülen-rørsla.
– Kan Noreg gjere noko for å påverke Tyrkia til å godkjenne Nato-søknaden til svenskane?
– Vi gjer det vi kan for å støtte Sverige i denne situasjonen. Dei oppfyller alle kriterium for Nato-medlemskap, noko eg også vil understreke på møtet her, der også Tyrkia deltek, seier Huitfeldt.
Finlands inntog i Nato har ført til at Russland har styrkt det militære nærværet sitt i nordvest. Men det er liten grunn til uro, roa forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) måndag.
– Dette er ikkje overraskande signal frå Russland. Men det er ingen grunn til at dei skal kjenne seg trua av finsk medlemskap. Nato er ein defensiv forsvarsallianse, og det veit Russland godt, sa han til NTB.
Heller ikkje Huitfeldt er særleg bekymra.
– Sånne utsegner er vi ganske vann til frå russisk side, seier ho.
Globale utfordringar
Onsdag skal Nato diskutere eit breitt Spekter av globale tryggingsutfordringar, mellom anna i Midtausten og Asia, opplyste Nato-sjef Jens Stoltenberg tysdag.
– Kva saker er viktigast for Noreg?
– Det viktigaste no er å stille opp for Ukraina. Men det finst også andre truslar, som IS i Afghanistan. Vi ser også at terroren aukar i Sahel-regionen i Nord-Afrika. Dette er også viktig for europeisk tryggleik, seier Huitfeldt.
Også Japan, Australia, New Zealand og Sør-Korea er invitert til møtet onsdag.
– Alle desse landa er viktige, særleg når det gjeld forholdet til Kina, seier Huitfeldt.
(©NPK)
Frå tysdag av vil det finske flagget vaie blant dei andre framfor Nato-hovudkvarteret i Brussel. Foto: NTB / AP
Artikkelen fortsetter etter annonsen.