Annonse
Annonse

Hundrevis av mindreårige asylsøkjarar forsvinn i Storbritannia

200 mindreårige asylsøkjarar som har komme til Storbritannia utan foreldre dei siste 18 månadene, har forsvunne, opplyser immigrasjonsminister Robert Jenrick.

Annonse

13 av barna som har forsvunne er under 16 år gamle, og 88 prosent av dei er albanarar, opplyste Jenrick i Parlamentet tysdag.

Ifølgje avisa The Observer blir unge asylsøkjarar «kidnappa» av kriminelle bandar utanfor eit hotell som fungerer som mottak i Brighton sør i England.

– Barn blir bokstaveleg talt plukka opp utanfor bygningen, forsvinn og blir ikkje funnen igjen. Dei blir henta frå gata av menneskehandlarar, seier ei kjelde som jobbar for selskapet Mitie som driv mottaket.

Politiet i Sussex seier at dei ikkje har fått rapportar om slike bortføringar i Brighton, men at to menn vart arresterte i mai i fjor, mistenkt for å vere menneskesmuglarar. Det vart funne tre mindreårige i bilen dei køyrde.

Ifølgje Jenrick har 440 mindreårige asylsøkjarar forsvunne sidan juli 2021, trass i stor tryggleik ved hotellet i Brighton. Mange av dei er sidan spora opp, men 200 er framleis borte.

Politiet får kvart år over 200.000 meldingar om mindreårige som er sakna frå institusjonar i England og Wales, viser tal frå styresmaktene.

(©NPK)

Annonse