Hurtigruten får gjennomføre to omstridde seglas

Hurtigruten får gjennomføre to seglas i norsk farvatn der internasjonale lønns- og arbeidsvilkår vil gjelde på delar av turen. Dette strir med regelverket.

Skipa MS Roald Amundsen og MS Spitsbergen vil i sommar ferdast langs delar av norskekysten i nord. Dei vil òg segle høvesvis til Bjørnøya og frå Svalbard.

Hurtigruteskipa skal ikkje legge til i utanlandske hamner, men får likevel bruke internasjonale lønns- og arbeidsvilkår på delar av turen, skriv FriFagbevegelse.

Ifølgje den såkalla NIS-forskrifta må passasjerskip registrert i Norsk internasjonalt skipsregister (NIS) legge til ved minst to utanlandske hamner før eller etter dei legg til kai ved norske hamner - og det er dette som har vore kjernen i strida. Forskrifta er laga for å verne kystruta Bergen-Kirkenes mot konkurranse.

- Eg hadde eit møte med partane måndag denne veka. Då vart det inngått eit kompromiss der vi vart samde om at Hurtigruten får segle under NIS på dei to aktuelle turane i juli og august, men at reiarlaget betaler norske lønningar til sjøfolka om bord når skipet går langs norskekysten, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) til avisa.

Leiar i Norsk Sjømannsforbund, Johnny Hansen, seier Hurtigruten hadde planar om å flagge ut dei to skipa til Marshalløyane. Næringsdepartementet opplyser òg at dei har vore kjente med eit utflaggingsalternativ. Då kunne reiarlaget ha segla med internasjonale vilkår utan avgrensing. Dette blir likevel ikkje stadfesta av Hurtigruten, som understrekar dei er glade for å ha funne ei løysing for dei to seglasane i sommar.

Næringsdepartementet innrømmer òg overfor FriFagbevegelse at kompromissa teknisk sett er eit regelbrot, men at dei vil jobbe med å få på plass ei meir langsiktig løysing.

(©NPK)

Hurtigrutens nye hybridskip MS Roald Amundsen får i sommar gjennomføre ein omdiskutert seglas.
Foto: Hurtigruten / NTB scanpix