Annonse

Hvas tok EM-sølv på 200 meter medley

Tomoe Zenimoto Hvas (19) smadra fredag sin eigen nordiske rekord og tok sølv på 200 meter medley i kortbane-EM i symjing i Glasgow.

Hvas opna raskt og var raskast halvvegs i løpet. Med 50 meter igjen var han nummer to, berre seks hundredelar bak leiinga. Nordmannen heldt den gode farten og tok sølv på tida 1.51,74. Det var to sekund raskare enn den nordiske rekorden han sette tidlegare fredag.

Ein fenomenal prestasjon av stortalentet.

Dette var andre internasjonale medaljen til 19-åringen. I 2017 tok han bronse i same øving i København.

Torsdag var Hvas i finalen på 100 meter butterfly. Det var store forventningar til nordmannen, som var raskast i semifinalen, men han måtte ta til takke med ein noko skuffande 5.-plass.

(©NPK)

Tomoe Zenimoto Hvas svømte inn til sølv fredag.
Foto: Henrik Montgomery/TT / NTB scanpix