IAEA: Iran etterlever atomavtalen

Iran etterlever sin del av atomavtalen, slår Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) fast i sin siste kvartalsrapport.

Iran etterlever sin del av atomavtalen, slår Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) fast i sin siste kvartalsrapport.

Atomavtalen vart forhandla fram mellom Iran, USA, Russland, Kina, Storbritannia, Frankrike, Tyskland og EU i 2015, men president Donald Trump trekte i mai i fjor USA frå avtalen og gjeninnførte strenge sanksjonar mot Iran.

Avtalen sikrar inspektørar frå Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) full tilgang til iranske atomanlegg, og i den siste rapporten konkluderer dei med at Iran held sin del av avtalen.

Iran har ifølgje rapporten ikkje trappa opp anrikinga av uran, og landet har heller ikkje meir uran på lager enn det avtalen fastset.

Inspeksjonen ved Arak-reaktoren avdekte heller ingen avvik, konkluderer IAEA.

USA har det siste året lagt sterkt press på europeiske land for å få dei til å trekke seg frå atomavtalen og har trua med sanksjonar mot europeiske selskap som ikkje rettar seg etter dei amerikanske sanksjonane.

Storbritannia, Frankrike og Tyskland nektar å gi etter for det amerikanske presset og har i staden oppretta ein mekanisme som omgår dei amerikanske sanksjonane og vil bidra til å fremme handelen med Iran.

(©NPK)

Det internasjonale atomenergibyrået konkluderer i sin siste rapport med at Iran overheld sin del av atomavtalen frå 2015. Foto: AP / NTB scanpix