IAEAs leiar er død

Yukiya Amano, leiaren for internasjonale atomenergibyrået IAEA, er død, 72 år gammal.

IAEA oppgir i kunngjeringa måndag verken dødsårsak eller tidspunkt for bortgangen til den japanske diplomaten.

72-åringen har vore generaldirektør i IAEA sidan 2009.

Amano døydde kort tid før han etter planen skulle ha levert oppseiinga si, heiter det i fråsegna frå IAEA.

- Eg er veldig stolt av våre bragder og stolt av medlemsstatane og dei tilsette i byrået, skulle det stå i avskjedsbrevet, ifølgje kontoret hans i Wien, som opplyser at byrået skal flagge på halv stong.

Amano sat ved roret under iverksettinga av den internasjonale avtalen om Irans atomprogram, som IAEA har overvaka. Han sat i årevis i forhandlingar med iranske tenestemenn før avtalen vart inngått.

I fjor haust oppgav IAEA at Amano hadde gjennomgått eit medisinsk inngrep. Sidan han kom tilbake på jobb, har han tilsynelatande vore i dårlegare form, skriv nyheitsbyrået DPA.

Amano var Japans representant i IAEA frå 2005 til han vart leiar fire år seinare. Han hadde omfattande diplomatisk erfaring innan nedrusting og ikkje-spreiing, og dessutan spørsmål knytt til kjernekraft.

Amano byrja å jobbe i det japanske utanriksdepartementet i 1972. Han var gjennom karrieren utstasjonert i Belgia, Frankrike, Laos, Sveits og USA.

(©NPK)

IAEAs generaldirektør Yukiya Amano under ein pressekonferanse i Wien i november. Arkivfoto: Ronald Zak / AP / NTB scanpix