Klargjør siden...

Idrettsstjernene Hamilton og Williams bidreg med 230 millionar kroner i Chelsea-bod

Lewis Hamilton og Serena Williams vil investere 115 millionar kroner kvar i tidlegare Liverpool-styreleiar Martin Broughtons bod på Chelsea, melder Sky Sports.

Kanalen avslører at Formel 1-stjerna Hamilton og tennisesset Williams er blant investorane som har forplikta seg til å bidra i bodet Broughton står i spissen for saman med dei amerikanske forretningsmennene Josh Harris og Dave Blitzer.

Sky Sports listar òg opp Rodgers-familien frå Canada, Tsai-familien frå Taiwan og den colombiansk-amerikanske bryggjeriarvingen Alejandro Santo Domingo blant investorane i det einaste britisk-leidde bodet på storklubben.

To andre samanslutningar er inne i kampen om å kjøpe Chelsea:

  • Finansmannen og Los Angeles Dodgers-eigaren Todd Boehly saman med Clearlake Capital.
  • Det såkalla Steve Pagliuca-konsortiet med milliardæren Larry Tanenbaum og Boston Celtics-deleigaren Pagliuca.

Russaren Roman Abramovitsj er tvinga til å selje Chelsea som følgje av sanksjonar på grunn av krigen i Ukraina. Det er venta at salet blir gjennomført i mai.

(©NPK)

Lewis Hamilton er ein kjent Arsenal-supporter, men ønsker å kjøpe aksjar i Chelsea. Foto: Asanka Brendon Ratnayake / AP / NTB

Annonse