Annonse

IKT-fag og helsefag får to tredelar av dei 4.000 nye studieplassane til regjeringa

IKT-fag og helse- og sosialfag får til saman 2.600 av dei 4.000 nye studieplassane til regjeringa kommande haust.

Tala vart lagt fram i revidert nasjonalbudsjett.

– Rekordmange har søkt seg til universitet og høgskular i år. Behovet og ønsket om meir utdanning møter vi no med 4.000 nye studieplassar allereie til hausten. Desse studieplassane har vi valt å styre ganske stramt inn mot fagområde vi veit arbeidslivet har stort behov for kompetanse innanfor, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) i ei pressemelding.

Føresetnaden for å få studieplassane er at dei blir oppretta kommande haust. Studieplassane går til områda der det er stort behov for kompetanse i åra framover, heiter det i pressemeldinga.

IKT-fag (cirka 1.500), helse- og sosialfag (cirka 1.100), juridiske og økonomisk-administrative fag (cirka 800) og lærarutdanning (cirka 550) er dei fire fagområda som tek opp dei aller fleste plassane. I tillegg blir det opplyst om at animasjon, utøvande musikk, film og kunst får om lag 20 studieplassar.

Regjeringa gir òg middel til 250 rekrutteringsstillingar.

– I åra som kjem, treng vi fleire smarte hovud som kan finne nye løysingar på nye utfordringar. Nye rekrutteringsstillingar bidreg til at fleire får ein fot innanfor akademia, og at vi held oppe den langsiktige forskingsaktiviteten. Det skal òg bidra til å byggje fagmiljøa og styrke satsinga på forskingsbasert utdanning, seier Asheim.

Fordelinga av studieplassane er med atterhald om Stortingets behandling av revidert nasjonalbudsjett i år.

(©NPK)

Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim seier regjeringa har fordelt pengar til 4.000 studieplassar på områda dei meiner Noreg har størst behov for i framtida. Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix