IMF: Oppstykking av verdsøkonomien kan få store kostnader

Press mot global integrering, inkludert auka handelsbarrierar, truar den økonomiske veksten i verda, åtvarar Det internasjonale pengefondet (IMF).

– Kostnadene ved ytterlegare splitting vil vere enorme for alle land. Det vil ramme folk i alle inntektsgrupper, seier sjefen i pengefondet Kristalina Georgieva og nestleiar Gita Gopinath. Åtvaringa kjem i ein beskjed til verdsleiarane som samlast i sveitsiske Davos.

IMF-toppane seier verdsøkonomien står over ei rekkje samanfallande kriser, der følgja av koronapandemien blir forsterka av krigen i Ukraina. Dei seier ein trend med avgrensingar i handelen og globale forsyningskjeder som bryt saman, vil øydeleggje mange års framsteg.

Globaliseringa har gjort verdsøkonomien tre gonger så stor og løfta 1,3 milliardar menneske ut av ekstrem fattigdom, seier dei to leiarane.

Dei legg til at i kjølvatnet av Russlands invasjon av Ukraina har 30 land innførte handelsrestriksjonar for mat, energi og andre viktige varer. Georgieva og Gopinath ber leiarane i verda stå imot presset og styrke samarbeid og redusere handelshindringane, samtidig som dei kjempar mot klimaendringar og den aukande gjeldsbyrda for utviklingsland.

– Verdsøkonomien står overfor si kanskje største prøve sidan andre verdskrigen. Vi har eit val: Gi etter for oppsplittande krefter og gjere verda fattigare og farlegare. Eller endre måten vi samarbeider på, skriv dei to.

(©NPK)

IMF-leiar Kristalina Georgieva åtvarar mot store økonomiske kostnader dersom verdsøkonomien blir fragmentert. Arkivfoto: Alessandra Tarantino / AP / NTB