Annonse

Éin av fire i Tyskland har migrantbakgrunn

Delen menneske i Tyskland med utanlandsk bakgrunn var rekordhøg i 2018, ifølgje nye tal.

Annonse

Ifølgje ei mikrotelling frå Tysklands statistikkbyrå har kvar fjerde person i landet - 20,8 millionar menneske - migrantbakgrunn.

Tala gjeld utlendingar og tyske statsborgarar som ikkje hadde tysk statsborgarskap då dei vart fødde, og dessutan menneske som har minst éin forelder som vart fødd utan tysk statsborgarskap.

Delen var 2,5 prosent høgare i 2018 enn året før.

Ifølgje byrået er 13,5 millionar tyske innbyggarar med utanlandsk bakgrunn ikkje fødde i Tyskland, men har migrert til landet. Rundt halvparten av desse svarer at dei var motiverte av familien til å dra til Tyskland, medan rundt 20 prosent svarer at det var av profesjonelle grunnar.

15 prosent svarer at målet deira med å komme til landet var å søke asyl.

(©NPK)

Ein firedel av alle menneska som bur i Tyskland har innvandrarbakgrunn. Her frå ei handlegate i Duisburg-Marxloh. Arkivfoto: Martin Meissner / AP / NTB scanpix