Annonse

Éin av ti gravide drikk alkohol

(NPK-NTB): Éin av ti gravide drikk under svangerskapet, ifølgje ei ny undersøking. Kvinner med høgare utdanning er mest liberale til tilrådinga frå styresmaktene om totalavhald.

Ni av ti kvinner slutta heilt å drikka då dei oppdaga at dei var gravide, skriv Aftenposten. Undersøkinga er gjennomført av TNS Gallup for Actis, som er samarbeidsorganisasjonen for rusfeltet.

– Vi ser at mange ikkje kjenner til skadepotensialet, og eg tenkjer at ein kanskje har vore for forsiktig med å fortelja om alvoret, seier generalsekretær Mina Gerhardsen i Actis.

Kvinner under 30 og dei med meir enn fire års høgare utdanning er mest opne for å drikka under svangerskap. Undersøkinga viser også at 13 prosent av befolkninga meiner det er greitt for gravide å ta eit glas vin til middag.

Den svenske professoren og overlegen Agnes Wold seier likevel at sjølv om styresmaktene kan tilrå totalavhald, kan ein ikkje seia at ein risikerer skader ved eit ubetydeleg alkoholinntak.

– Det er mange kvinner i Sverige som er heilt livredde og har angst fordi dei har drukke i byrjinga av graviditeten. Det meiner eg er ein alvorleg biverknad av desse råda, seier ho til avisa. (©NPK)

Annonse