Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 17.12.2020 kl 07:00
Tysdag føremiddag kom det opp ei fyrlykt på moloen i Volda sentrum.
Publisert: 16.12.2020 kl 14:18
Sju bilførarar fekk bøter for høg fart då politiet hadde kontroll på Eiksundvegen onsdag formiddag. Tre sjåførar fekk bøter for mobilbruk bak rattet.
Publisert: 16.12.2020 kl 09:40
Ørsta kommune melder onsdag morgon at dei har fått svar på 167 koronatestar, og at det ikkje er stadfest nye smitta.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 16.12.2020 kl 09:23
Førre laurdag rigga lefsebakarar seg til over heile landet for å følgje med på sendinga til Sunnmøre Museum. Også ein danske hadde hivd seg på. Heile 2.137 lefsebakarar følgde med på sendinga.
Publisert: 15.12.2020 kl 14:00 - Oppdatert: 15.12.2020 kl 14:13
Ifølgje ei oversikt frå Norsk Tipping er voldingane velsigna med betre vinnarlukke enn ørstingane. Sidan Norsk Tipping byrja med Lotto, er det 15 voldingar som har vunne 28,8 millionar kroner mellom seg. I Ørsta er det sju vinnarar.
Publisert: 15.12.2020 kl 12:05
Ørsta kommune seier at status for koronasituasjonen er at fem personar sit i isolasjon og over 150 sit i karantene. - Vi har per no ikkje fått melding om fleire positive tilfelle knytt til smitteutbrotet. Vi forventar likevel at det kan kome fleire tilfelle, men at dette då vil vere hjå...
Publisert: 13.12.2020 kl 13:00
Forskjellen på kostnadsramma for Voldatunnelen og den reelle byggjekostnaden er stor. Statens vegvesen har fleire gongar rekna på prosjektet for å få kostnadane ned mot ramma, men har ikkje lukkast. – No må vi få eit svar på korleis dei vil handtere kostnadsforskjellane, seier ordførar...
Publisert: 12.12.2020 kl 15:30
Om justispolitisk talsperson for Senterpartiet, Jenny Klinge, meiner Stortinget sitt vedtak 10. desember skaper forvirring, så er sorenskrivar i tidlegare Søre Sunnmøre tingrett, Elisabeth Wiik, ikkje i tvil. – Etter 222 år med eige sorenskrivarembete i Volda, så er embetet nedlagt.
Publisert: 12.12.2020 kl 15:00
- Eg tykkjer det heile er absurd, seier justispolitisk talsperson for Sentrerpartiet, Jenny Klinge, etter at Stortinget har røysta over endringar i domstollova. - Her har H, Frp, V og KrF gitt fleirtal for endringar i lovverket som faktisk fråtek Stortinget påverknad over framtidig...
Publisert: 12.12.2020 kl 13:00
KrF, Venstre og FrP har sendt krav om lovlegkontroll av fastsetting av skulekrinsgrenser som vart gjort i Volda kommunestyre 26. november. – Vi ønskjer å gjere det vi kan for å sikre at saka er forsvarleg handsama og at det ikkje er gjort sakshandsamingsfeil.
Publisert: 11.12.2020 kl 16:00
Den nye hallen til Volda Rideklubb er knapt ferdig før klubben løftar blikket og ser mot framtida. Dei vil halde fram utviklinga av anlegget på Vollane, og planlegg stall knytt til den nye ridehallen.
Publisert: 11.12.2020 kl 09:07
Det blei ikkje heilt den opningskampen Volda sitt damelag håpa på då dei torsdag kveld møtte Gjerpen i Volda campus Sparebank 1 arena.
Publisert: 10.12.2020 kl 16:00
Ordførar Sølvi Dimmen har teke opp spørsmålet om namnet til Volda campus SpareBank 1 arena i formannskapet, og dei er samde om å ikkje gå vidare med noko namnesak.
Publisert: 10.12.2020 kl 13:55 - Oppdatert: 10.12.2020 kl 15:17
Volda kommune melder at dei har fått eit nytt positivt prøvesvar på covid-19.
Publisert: 10.12.2020 kl 13:00
– Den infrastrukturen som har komme i samband med bygginga av den nye vegen står ikkje attende for nokon av dei moderne bustadfelta i sentrum. Det skal vi vere stolte av, sa leiar i Krøvelen Gards- og Skogveglag SA, Petter Bjørdal då dagen endeleg var komen for opninga av den nye vegen på...
Publisert: 10.12.2020 kl 12:03
- Det har vore ei enorm interesse! Vi har auka kapasiteten frå 50 bilettar i Voldahallen til 200 i den nye arenaen, og alle billettane var vekk i løpet av kort tid, seier styreleiar i Volda Handballklubb, Norodd Dyrhovden, før Volda sin kamp mot Gjerpen i kveld.
Publisert: 10.12.2020 kl 10:50 - Oppdatert: 10.12.2020 kl 11:18
Torsdag formiddag var eiksundtunnleen stengt ein kort periode for bilberging.
Publisert: 10.12.2020 kl 10:25 - Oppdatert: 10.12.2020 kl 10:25
Ørsta kommune melder at det er registrert fem nye smittetilfelle i kommunen.
Publisert: 09.12.2020 kl 23:24
Ein sjåfør miste førarkortet etter at han vart teken i 93 km/t i 60-sona på Vartdal onsdag kveld.
Publisert: 09.12.2020 kl 12:49
Rekneskap Høydalsvik i Ørsta og Balanse Rekneskap i Ulsteinvik slår seg frå nyttår saman i den nye rekneskapsbedrifta Rekne AS.
Publisert: 09.12.2020 kl 11:55 - Oppdatert: 09.12.2020 kl 13:15
Onsdag formiddag melde politiet at det var observert tjuveri frå postkasser i Volda. Men det synte seg at det var rette eigar som hadde henta pakkane sine.
Publisert: 09.12.2020 kl 11:32
Onsdag spylar Volda vassverk leidningsnettet på Øvre Flommen/Klepp.
Publisert: 08.12.2020 kl 14:12
Frå og med 8. desember kan ein søkje i skattelistene for inntektsåret 2019. I Volda er Margrete Sørensen på inntektstoppen og Henning Heltne har den største formuen.
Publisert: 08.12.2020 kl 12:48
Arild Iversen (KrF) rosar måten Volda kommune har informert innbyggjarane om koronasituasjonen utan å bryte med personvernet. – Informasjon som gjer at ein lett kan identifisere personar som har testa positivt, kan auke belastninga deira.
Publisert: 07.12.2020 kl 15:36
Måndag gav Betonmast Røsand frå seg «nøklane» til Volda campus sparebank 1 arena under den offisielle overtakinga. – Dette er resultatet av skikkeleg lagarbeid, seier styreleiar i Volda Campus Arena AS, Arild Bakke.