Landets første trykkeri på landsbygda

Møre og Aarflots Prenteverk har ei lang og rikhaldig presse- og trykkerihistorie. Mannen som starta det heile var Sivert Knudsen Aarflot og det var opplysningstrongen som var drivkrafta då han søkte Danske-kongen om løyve til å starte prenteverk i 1807. Løyve fekk han i 1808 og i 1809 starta han opp med trykkeri på Ekset i Volda.

Etter dagens målestokk var det ikkje rare trykkmaskina han hadde den første tida. Ei eikreramme til å spenne fast sidene som var samansett av lause blybokstavar. For å få sverte på bokstavane vart det brukt to skinnballar. Eit papir vart lagt oppå blysatsen og eit kjevle som vart trilla over papiret, trykte papiret ned mot blybokstavane.

Frå 1810 gav han ut Norsk Landboeblad, som er forløparen til Møre. I dag er avisa den eldste avisa på landsbygda og den nest eldste i Noreg. Berre Adresseavisa i Trondheim er eldre.

Les trykkeri- og avishistoria med å gå inn på artiklane nedanfor. Det er Øystein Sande, historikar ved Høgskulen i Volda, som er forfattar.