Annonse
Annonse

Kneopererte kan ha krav på erstatning

(NPK-NTB): Fleire som har fått utført kneoperasjonar, kan ha krav på erstatning utan at dei er klar over det.

I perioden 2009– 2015 har Norsk pasienterstatning (NPE) fatta vedtak i 36 saker som gjeld kneoperasjonar i privat helseteneste, skriv Stavanger Aftenblad.

Det er gitt medhald i 23 saker og avslag i 13 saker. Av dei 23 er infeksjon grunn i 14 saker, feil og manglar utgjer fire. Resten kjem av mangelfull dokumentasjon, utgreiing og funn som ikkje er følgt opp og at det ikkje var grunnlag for å operere.

– Det kan vere det er mørketal, det vil seie at det finst personar som kan ha rett til erstatning etter å ha fått ein skade etter feilbehandling, men som ikkje har meldt skaden sin til oss, seier informasjonsdirektør Øydis Ulrikke Castberg i NPE.

Avdelingsoverlege Geir Lende ved Stavanger universitetssjukehus seier at mykje ny forsking viser at ein del av kneinngrepa som ein trudde var rett, etter kvart har vist seg ikkje å ha effekt.

– Å kike inn i kneet på pasientar frå 45-årsalderen og oppover fordi dei har litt slitasje, er ikkje nødvendigvis så nyttig. Før var ein ganske rask med å frisere på desse forandringane. Ei slik fiksing gav lite varig og nyttig effekt. Det er det nokså stor semje om. Likevel ser ein at mykje av artroskopien skjer på grunnlag av dette, seier han. (©NPK)